Turbobloggen

torsdag, oktober 12, 2006

Smalahove!

Ja, då er eg ferdig med 7 vekers praksis på Voss. Der eg har fått opplevd litt av kvert, fra besj og sprøyter til hammer og meisel på operasjonsbordet (hofteoperasjon).
Men man kan jo ikkje ha budd på Voss uten å ha ete smalahove! Så siste tirsdag på Voss tok eg turen på Vangen kafe for eit bedre hove...hadde fått god innføring av sjukepleierene på jobb og kva som skulle etast og kva som ikkje skulle etast....Men kan ikkje sei eg var heilt forberedt på det då eg satt der på kafeen og servitøren kom bærende inn med dette flotte halve sauehove! Men eg åt ALT! Som eg fekk beskjed om å eta iallefall! Det inkluderer auge (ikkje augesteinen) ører og tunge. Grei smak, spennande oppleving!